Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Song of Solomon 2

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ei rose frå Saron er eg, ei lilje i dalane.
2 «Som ei lilje mellom klunger, er min hugnad ¬mellom møyar.»
3 Som ein apal ¬mellom trea i skogen, er min ven ¬mellom unge menn. I hans skugge ¬er det hugnad å sitja, hans frukt er søt i min munn.
4 Inn i vinhuset ¬har han ført meg; hans merke over meg ¬er kjærleik.
5 Styrk meg med druekaker, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.
6 Hans venstre hand ¬er under mitt hovud, med den høgre ¬femner han meg.
7 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
8 Høyr, det er min ven. Sjå der, han kjem springande over heiane, hoppande over haugane.
9 Min ven er som gasellen, han liknar den unge hjort. Sjå, der står han ¬bortmed husveggen; han glytter inn ¬gjennom gluggen og ser inn mellom sprinklane.
10 Min ven tek til ords ¬og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy!
11 For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve.
12 Blomane sprett vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet.
13 Frukta vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom. Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy!
14 Du mi due berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg sjå din skapnad, lat meg høyra ditt mæle! For di røyst er mjuk og din skapnad fager.
15 Fanga revane for oss, dei små revane ¬som herjar i vingardane. For no står våre vingardar ¬i blom.
16 Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.
17 Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, kom att, min ven! Fly som gasellen ¬og den unge hjort over balsam-angande fjell!